Betaling og levering
Dersom ikkje anna er avtalt:
- Forskotsbetaling til Rivedal Galleri sin konto.
- Som postoppkrav.
- Eventuelt kort- eller kontant betaling ved henting i galleriet i Rivedal.
- På kunst over kr. 2000,- kjem lovpålagt 5% kunstavgift til Bildende Kunstnarar sine Hjelpefond.
- Porto og eventuelt oppkravsgebyr som tillegg til prisen..
- Rivedal Galleri tek ingen ekspedisjonsgebyr i samband med kjøp over internett.
Alle bestillingar blir fortløpande handsama i galleriet sine opningstider og blir sendt så snart som mogleg, seinast innan 3 arbeidsdagar.
Garanti
Vi gjer vårt ytste for å attgje kunsten mest mogleg korrekt, men gjer merksam på at kunsten kan variere noko i farge frå skjerm til skjerm.
Vi tek atterhald om skrivefeil og utselde varer.
Returrett / angrefrist
Vi viser til gjeldande reglar for forbrukarkjøp, mellom dei Kjøpslova, Angrerettlova, E-handelslova, Markedsføringslova, Kredittkjøpslova og Personopplysningslova.
- Det er 14 dagars angrefrist ved kjøp via internett. Angrefrist skjema: Fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad av varer
Dette skjemaet er obligatorisk ifølgje forskrift om angreskjema av 27. februar 2001 fastsett av Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet med heimel i lov 21.12.2000 nr. 105.
om opplysningsplikt og angrerett mv. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettlova) § 10.
- Kreditering berre til same konto.
- Rivedal Galleri omset kunst som mellommann for kunstnar/eigar. Eigedomsretten til bileta tilhøyrer kunstnar/eigar inntil heile beløpet er betalt. (Jmf. Pantelova §3-14 og 3-22).
For meir informasjon: www.lovdata.no
Personopplysningar
Personopplysningar blir berre handsama internt, og vil ikkje bli gjeve til tredje person.
Kontakt oss gjerne for meir informasjon
post@rivedalgalleri.no eller tel.
995 00 883.