Kate Hoås er 38 år og kjem frå Jølster. Heile livet har ho vore veldig interessert i kunst, og ho var ein ivrig teiknar som barn og i tidleg ungdomstid. Kate fekk alltid høyre at det var noko ho hadde anlegg for, men det vart mindre teikning og måling som større ungdom og i tidleg vaksen alder.
Etter travle studieår og mange år i arbeidslivet tok Kate opp att interessa for teikning. Kate fann ut at det å teikne, lage trykk og måle hjelpte henne å finne ro, og gav henne ei glede ho hadde gløymt i dei travle åra frå ungdomstida og utover.
Les meirNår eg teikna eller måla, fekk eg puste skikkeleg igjen.
- Kate Oddlin Hoås
Michaela Karnaus vaks opp på St.Hanshaugen i Oslo. Ho har alltid vore kreativ, og følgt denne vegen så langt mogeleg. Ho fann tidleg glede i å dekorere, og byrja å arbeide i blomsterbutikk som 12 – åring. Elles har ho mellom anna studert til interiørkonsulent, og vore sjølvstendig næringsdrivande.
Les meirJeg går inn med hud og hår og vet aldri hva som kommer meg i møte.
- Michaela Karnaus
Ho har frå ho var lita hatt stor glede av å teikne og male og er nok over middels interessert i form og farge. I mange år har ho arbeidd med blomar og interiør, før ho i seinare år har arbeid som BPA. Etter at ho slutta å arbeide med estetikk gjennom yrkeslivet, kom kreativiteten tilbake for fullt i form av mykje maling/teikning.
Les meirJeg har aldri tidligere hatt det som et mål å vise dette til et publikum, men tar sjansen på det nå.
- Sirikit Gout Bomstad
Oddveig Lyngstad er mest kjend for trerelieff, smykke, englar og dørskilt, alt produsert i ulike trematerialer.
Les meir...
Christina Alcorn Fredriksen (f. 1992) er ein kunstnar frå Bergen, som er oppteken av korleis det surrealistiske og fantasifulle kan aktivere og stimulere til nye tankar og perspektiv om verda.
Bileta hennar byr på mystiske, drøymande og surrealistiske motiv der røyndommen ofte er forvridd i form av forskyva proposjonar, perspektiv og lyskjelder.
Naturen er ei sterk inspirasjonskjelde; dyr, organiske former og mønster, teksturar og fargar som går i oppløysing, vert fragmenterte, glir inn i kvarandre og vert sett saman i ein ny konstellasjon.
Les meirEnna Wenche Kowalski Solvang er fødd i 1972, oppvaksen i Skien og busett i Porsgrunn, og utdanna kunst- og handverkslærar. Frå vidaregåande skule har ho teikning, form og farge, og visuell kommunikasjon l og ll med grafisk formgjeving. Ho har mellom anna stilt ut på Wesselgården Kragerø, Galleri Portrommet og Galleri Osebro i Porsgrunn.
Ho har tidlegare teikna for Telemarkskanalen, hatt maleoppdrag for Skien kommune, og selt fleire maleri til Blå Kors. I 2000 deltok ho på Sørlandsutstillingen.
Å skape er heilt naudsynt for Enna Wenche, og kunsten hennar er i stadig endring og utvikling, og vil halde fram med det livet ut. Ho skriv også dikt, og arbeider med andre kunstformer og prosjekt, men maleri er hovuddelen.
Les meirElse Sofie Ruud, fødd 1957 og busett i Oslo. Har gått 4 år på Asker kunstfagskole i Heggedal, på figurativ linje, med lærar Morten Reigstad. Har også delteke på kurs hos Jan-Ove Tuv, Carl Martin Sandvold, Kari Kolltveit, Ingrid Thortveit, Helene Knoop og Dag Vatle.
Les meirJytte Karin Eikenes, fødd 1968, oppvaksen og busett i Høyanger, med røtene sine frå Holmedal og København. Ho har alltid teikna og uttrykt seg kreativt, starta for alvor å male i 2004, og har atelier i heimane i Høyanger, Holmedal og Bergen.
Les meirEg har alltid teikna og vært kreativ, og i 2004 begynte eg å male da guttane mine var blitt litt meir sjølhjulpne. Som sjølvlært kunstnar har eg prøvd meg fram og eksperimentert i ulike teknikkar, i tillegg til å gå på ulike kurs.
Eg har etterkvart skaffa meg ein stor samling bøker med kunst og kunstteknikkar, i tillegg til at det store internettet er ei inspirasjonskilde og læremeistar.
Mitt første kurs var i oljemaling, deretter akryl og blandingsteknikkar. Så fann eg ut at skisser i akvarell var gode utgangspunkt for malerier. Dermed forelska eg meg i akvarell-teknikken, og det har utvikla seg til å bli ein av mine foretrukne teknikkar.
Fotografi er ein kjær teknikk som starta som eit hjelpemiddel for innsamling av inspirasjon og motiv, og som har utvikla seg til ein kunstart i seg sjølv.
Når det gjeld motiv er levande vesen ein favoritt, både dyr og menneske. Eg ønsker å formidle stemning og følelsar i kunsten min. Ofte er uttrykket mitt fargerikt, kraftfullt og spirituelt.
- Jytte Kristin Eikenes
Inger har vore illustratør og medforfattar på fleire læreverk for grunnskulen og skapt figurar som er kjende for mange norske barn. Til dømes Felix Fabula, Kråka Kry, Den nervøse Frynsa, Rilæx, Prikken og Stripa, Forske og Filosofen, Vott Flott og Lure Lue, Elefantungen Even, Lillefanten og Bestefanten.
Har frå 1975 vore frilansar med vekt på bokillustrasjon.
Les meirEg fascinerast av min eigen væren, mi eiga bevisstheit, at eg, som alt anna som eksisterer, er i kontinuerleg endring og bevegelse. Dette er noko eg ser kjem fram i bileta mine, som ein understraum, og titlane, som blir formulerte etter at eg og bileta har hatt ein «samtale», er ei slags stadfesting på det.
- Inger Landsem
Tordis har teikna heilt frå ho var lita. Ho vaks opp med ei mor som malte, og har nok fått mykje av interessen frå henne. Ho byrja for alvor med maling på byrjinga av 80 – talet, og har vore innom både akvarell- og akrylmaling. Akrylmaling er eit medium ho trivst godt med, så siste åra er det dette ho har halde på med.
Les meirHege Ullensvang høyrer heime i Arna, har utdanning som faglærar i design, kunst og handverk, og vil vise fram arbeid i mange ulike storleikar og teknikkar, frå små silketrykk til større collagar og akrylmaleri, alle med ein tydeleg signatur, der kvar linje og flate er nøye organisert og plassert på lerretet eller papiret.
Les meirEdith Tvedt er busett i Sogndal, ho er utdanna keramiker, og vil stille ut dei særeigne og skulpturelle bruksformene sine og nokre tusjteikningar og collagar.
Les meir
Trud brukar alltid reelle stader og motiv som utgangspunkt for bileta ho lagar. Ho er oppteken av å få uttrykt ei stemning ved hjelp av lys og fargetonar, og oppheld seg på fritida mykje ute i naturen, der ho søker etter motiv som kan eigne seg for vidare arbeid.
Les meirJesper Klentz Evers er 54 år, og busett i København. Han er autodidakt og har malt i 25 år. For han har det hovudsakleg handla om ei personleg reise i maleriet
Les meirReidun Vinda er fødd 1964, i Øvre Årdal, der ho no også har vore busett i snart 20 år, etter å ha tatt kunstutdanning ved Kunsthøgskolen i Bergen mellom 1992 og 1997.
Les meirPer Grøtting, fødd 1950, er busett i Florø og har utdanninga si frå høgskulane i Stavanger, Stord og Notodden. Han har også hatt eit studieopphald ved Århus kunstakademi.
Les meirBente-Linn Bergene Huseby er fødd i 1956, i Sandefjord. Ho er busett på Nøtterøy, og har atelier både heime og på Olsgård Atelierfellesskap. Medlem NFUK (Norsk Forening for Uavhengige Kunstnerer).
Les meirBente starta å male for alvor i 2004 og er utdanna biletkunstnar fra Nydalen kunstskole. Har delteke på fleire juryerte utstillingar og har hatt ei rekkje separatutstillingar. Dette sier kunstnaren om seg sjølv:
Les meirJeg maler fargerike bilder med ulike teknikker. Motivene mine blir gjerne litt blandingsfabel og jeg maler med akryl. Når jeg er ferdig med et maleri og begynner på neste, så følger ikke disse noen røde tråder – derav navnet på nettsiden/galleriet mitt (Uten en rød tråd).
- Bente K. Syr
Randi Antonsen er fødd i Harstad, men er busett på Inderøy i Nord-Trøndelag og arbeider med mixed-media. Ho teiknar og malar i både akvarell og akryl, arbeider med tresnitt og andre grafiske teknikkar. Dette skriver Randi om seg sjølv.
Sjå Randi si heimesideJeg jobber nært min natur når jeg uttrykker meg. Jeg er opptatt av drømmer og underbevissthet og jobber aktivt med å forstå disse. Jeg maler med akryl. Akrylfargen har et utall av egenskaper som jeg benytter i hvert enkelt maleri. Jeg jobber lag på lag for å få fram ulike dybder og nye sammenhenger.
Jeg tegner og lager grafiske trykk etter samme metode; lag på lag, der elementer og teknikker møtes og lager nye historier i hvert bilde. Tegningene og trykkene er ofte mer figurative enn maleriene.
- Randi Antonsen
Kari Astrup-Geelmuyden er oldebarn av Nikolai Astrup og er busett i Jølster der ho har verkstad og utsal. Hennar brukskunst i keramikk og glas er flotte gåver, og kan sjølvsagt også nyttast til kvardags. Dette skriv Kajsa om seg sjølv:
Sjå Kajsa si heimesideEg byrja med glas og keramikk i 1999 etter å ha vore yrkesverksam innan tekstilkunst og handverk i mange år. I 2004 var etterspurnaden etter mine produkt så stor at eg laga til ein skikkeleg verkstad med butikk i min store kjeller, og registrerte meg i Brønnøysundregisteret. Firmanamnet er «Kajsa», som eg også signerer alle mine produkt med.
Eg har inga formell utdanning innan glas og keramikk, men har hospitert i nokre månader hos keramikar Åse Skrivarvik på Sandane, og har fått privat undervisning av keramikar Lasse Østman i Vansbro, Sverige.
Eg er oppkjøpt av bla. Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Jølster kommune, Lotteri og Stiftelsetilsynet, Ørsta Kunstlag m.fl.
- Kari Astrup-Geelmuyden
Smykkene til Ellen-Beate er hovudsakleg eigen design med inspirasjon frå naturen, eller har røtene sine i norsk kultur og drakthistorie. Ho arbeider for det meste i sølv, men tar også i bruk andre metall, gjerne med innslag av element som skinn, stein, bein, glas og perler.
Ludvig Eikaas var ein norsk kunstmålar, grafikar og kunstprofessor. Han vert rekna som ein svært sentral kunstnar i siste halvdelen av 1900-talet.
Eikaas. debuterte som malar og grafikar i 1946, og gjorde seg merka med ein slåande *enkelhet i komposisjon og koloritt, og dessutan ein utprega sans for det *stofflige. Eikaas. var blant dei første som arbeidde i eit reint *nonfigurativt formspråk her til lands, med tilnærma geometriske former og eit fåtal fargar.
Norsk kunstnerleksikonBjørn Kaaks er først og fremst biletkunstnar. Han skildrar dyr, natur og menneske, mest i tresnitt. Kaaks har mellom anna gått på Statens Kunstakademi og vore elev hos Gunnar Haukebø (1976-79) og Ludvig Eikaas frå 1993.
Han har hatt ei rekke utstillingar, mellom anna Statens høstutstilling i 1995.
Les meirTor-Are Bjellmo er ein kunstnar frå Storsteinnes i Troms. Han malar bilete og lagar brukskunst som lysestakar og speglar.
Gunnar Eriksson har arbeidd heile livet med bilete, og har sidan tidleg på 1980 – talet delteke på kring 40 utstillingar i galleri i Sverige, Noreg,Tsjekkia og Kina.
Gunnar interesserer seg for menneske, både mentalt og kroppsleg, og i bileta vier han han stor merksemd til korleis både tanke og kropp bevegar seg.
Stengt for sesongen.
Det er alltid råd å gjere avtale om besøk i galleriet utanom faste opningstider.
For avtale: ring 995 00 883.
Dersom vi er heime opnar vi galleriet for deg, så ta gjerne turen innom tunet for å sjå, dersom du er i området.
Vi tar imot bank- og kredittkort, samt Vipps og kontanter i galleriet.