Tordis Øvrelid Myhre

Tordis Øvrelid Myhre

HOVUDUTSTILLAR 2021

Tordis Øvrelid Myhre, fødd 1962. Opprinneleg frå Jølster, men har budd i Volda sidan 1982.

Tordis har teikna heilt frå ho var lita. Ho vaks opp med ei mor som malte, og har nok fått mykje av interessen frå henne. Ho byrja for alvor med maling på byrjinga av 80 – talet, og har vore innom både akvarell- og akrylmaling. Akrylmaling er eit medium ho trivst godt med, så siste åra er det dette ho har halde på med.

Ho har vore medlem av ulike malarklubbar og delteke på mange kurs opp gjennom åra. Ho har også delteke i mange kollektive utstillingar både på Sunnmøre og i heimbygda si, Jølster.I 2015 hadde ho ei separatutstilling i Gamlebanken på Nordfjordeid.

Vart medlem i NFUK (Norsk Forening for Uavhengige Kunstnarar) i 2015. Var og med på å starte opp regionavdeling av NFUK Nordvest, som har medlemmer frå heile regionen.

Tordis Øvrelid Myhre

Bildegalleri

DefaultDefaultDefaultDefaultDefaultDefaultDefaultDefault