Reiste som tenåring frå Trøndelag til Oslo for å leve av å teikne. Jobba i fleire år som fast tilsett, men har frå 1975 vore frilansar med vekt på bokillustrasjon.
Inger har vore illustratør og medforfattar på fleire læreverk for grunnskulen og skapt figurar som er kjende for mange norske barn. Til dømes Felix Fabula, Kråka Kry, Den nervøse Frynsa, Rilæx, Prikken og Stripa, Forske og Filosofen, Vott Flott og Lure Lue, Elefantungen Even, Lillefanten og Bestefanten.
Ei hjartesak for henne har vore teikneopplæring. Ho meiner at alle kan lære å teikne. Som med all kompetanse og ferdigheiter må det øving og trening til. Ho laga ein serie øvingsbøker, Tegneglede 1 - 4, med teikneoppgåver for nybyrjarar i alle aldrar. Dei er framleis på marknaden etter 20 år, og vert brukt på mange skular.Inger Landsem har dei siste 20 åra delt teikne- og maletida mellom bokillustrasjon og maleri.
Ho har hatt 11 separatutstillingar rundt omkring i landet.
Inger er mest oppteken av å male dei lyse og glade sidene av livet. Ho brukar sterke fargar, og vil gjerne at det skal ligge små forteljingar i biletet, som vidare kan inspirere til at den som ser biletet finn sin eigen historie.