Enna Wenche Kowalski Solvang er fødd i 1972, oppvaksen i Skien og busett i Porsgrunn, og utdanna kunst- og handverkslærar. Frå vidaregåande skule har ho teikning, form og farge, og visuell kommunikasjon l og ll med grafisk formgjeving. Ho har mellom anna stilt ut på Wesselgården Kragerø, Galleri Portrommet og Galleri Osebro i Porsgrunn.
Ho har tidlegare hatt maleoppdrag for Skien kommune, selt teikningar til Telemarkskanalen og fleire maleri til Blå Kors. I 2000 deltok ho på Sørlandsutstillingen.
Å skape er heilt naudsynt for Enna Wenche, og kunsten hennar er i stadig endring og utvikling, og vil halde fram med det livet ut. Ho skriv også dikt, og arbeider med andre kunstformer og prosjekt, men maleri er hovuddelen.
Ho malar for tida fortrinnsvis abstrakt, i akryl. Ho brukar fjør, fingrar og penslar laga av hennar eige hår, i tillegg til ordinære malekostar, som verkty. Det ho forsøker å formidle vert gjort best i svart kvitt. Men ikkje heilt, det er innslag av fargar om enn litt skjult, og vage nyansar som nesten ikke synest, men som er der likevel. Ho er oppteken av det som gøymer seg bak overflata, det som ein kan skimte, men ikkje heilt forstå.
Enna Wenche ynskjer at kunsten hennar skal gå rett til kjernen, vere modig og uttrykke sårbarheit og samstundes kraft, og snakkar mellom anna om paradoks og sjølvmotseiingar, og kreftene mellom det lyse og det mørke, og det harde mot det mjuke i bileta. Ofte har bileta dobbelttydingar som er sjølvmotseianda og motsetningsfylte, men ho synest det mest spennande er korleis mottakaren tolkar det dei ser.
Jeg ønsker at kunsten min skal gå rett til kjernen, være modig og uttrykke sårbarhet og samtidig kraft, og snakker blant annet om paradokser og selvmotsigelser, og kreftene mellom det lyse og det mørke, og det harde mot det myke i bildene mine.
- Enna Wenche Kowalski Solvang