Kate Oddlin Hoås

Hovudstillar 2024

Kate Oddlin Hoås

Hovudustillar 2024

"Eg heiter Kate Hoås, er 38 år og kjem ifrå Jølster. Heile livet har eg vore veldig interessert i kunst, og eg var ein ivrig teiknar som barn og i tidleg ungdomstid. Eg fekk alltid høyre at det var noko eg hadde anlegg for, men det vart mindre teikning og måling som større ungdom og i tidleg vaksen alder. 

Etter travle studieår og mange år i arbeidslivet tok eg opp att interessa for teikning. Eg fann ut at det å teikne, lage trykk og måle hjelpte meg å finne ro og gav meg ei glede eg hadde gløymt i dei travle åra ifrå ungdomstida og utover. Når eg teikna eller måla, fekk eg puste skikkeleg igjen. 

Eg er interessert i mange ulike kunstnarlege uttrykk, og det ser ein fort når ein ser på alle dei ulike tinga eg lagar. På den eine sida er eg glad i å teikne nokså fotorealistiske bilete, men gjerne med innslag av surrealisme. På den måten føler eg at eg får fram viktige ting ifrå daglegliv og kvardag, og at eg tillegg det ein djupare dimensjon ved å legge inn innslag av surrealisme. Eg likar også å blande det høgtidelege eller alvorlege med det  uhøgtidelege og humoristiske. 

På den andre sida er eg glad i å lage fargerike måleri og trykk. Der eg er ikkje først og fremst ute etter ei realistisk gjengjeving av noko, men i å uttrykkje kjensler, vekkje tankane og kjenslene i den som ser på biletet og skape ulike stemningar med former og fargar eller ymse effektar. 

Eg er for det meste sjølvlært, men oppsøkjer kunnskap og inspirasjon igjennom plattformer som Skillshare og dyktige kunstnarar i sosiale medier." 

Det eg er ikkje først og fremst ute etter ei realistisk gjengjeving av noko, men i å uttrykkje kjensler, vekkje tankane og kjenslene i den som ser på biletet og skape ulike stemningar med former og fargar eller ymse effektar.

- Kate Oddlin Hoås
Kate Oddlin Hoås

Bildegalleri

DefaultDefaultDefaultDefaultDefaultDefaultDefault