Christina Alcorn Fredriksen

Hovudstillar 2023

Christina Alcorn Fredriksen

Hovudustillar 2023

Christina Alcorn Fredriksen (f. 1992) er ein kunstnar frå Bergen, som er oppteken av korleis det surrealistiske og fantasifulle kan aktivere og stimulere til nye tankar og perspektiv om verda.

Bileta hennar byr på mystiske, drøymande og surrealistiske motiv der røyndommen ofte er forvridd i form av forskyva proposjonar, perspektiv og lyskjelder. Naturen er ei sterk inspirasjonskjelde; dyr, organiske former og mønster, teksturar og fargar som går i oppløysing, vert fragmenterte, glir inn i kvarandre og vert sett saman i ein ny konstellasjon.

Formspråket tek inn inspirasjon frå indre og ytre, ubevisste og bevisste, imaginære og realistiske tankar og kjensler, som gjerne oppstår i reaksjon til hendingar og situasjonar i omverda. Det viktigaste for henne er å opne for refleksjon og ettertanke hos betraktaren, samt fridom til å aktivere fantasien.

Ho har ein bachelor of Arts degree med Honours frå Middlesex University i London og ein bachelor i fysikk frå Universitetet i Bergen. Dei siste fire åra har ho arbeidd som sjølvstendig næringsdrivande kunstnar med kommisjon og utstillingar i Bergen og USA.

Det viktigste for meg er å åpne for refleksjon og ettertanke hos betrakteren, samt frihet til å aktivere fantasien.

- Christina Alcorn Fredriksen
Christina Alcorn Fredriksen

Bildegalleri

DefaultDefaultDefaultDefault