Michaela Karnaus vaks opp på St.Hanshaugen i Oslo. Ho har alltid vore kreativ, og følgt denne vegen så langt mogeleg. Ho fann tidleg glede i å dekorere, og byrja å arbeide i blomsterbutikk som 12 – åring. Elles har ho mellom anna studert til interiørkonsulent, og vore sjølvstendig næringsdrivande. Heile tida har ho malt bilete.
Mor hennar var svært flink til å teikne og male realistisk, og har vore ein inspirasjon. Etterkvart fann Michaela vegen til Nydalen kunstskule, der ho gjekk på kveldsskule i 3 år, og lærte mykje. Uttrykket hennar er intuitivt og moderne, og alltid med ein eigen vri. Det hender ho malar realistiske bilete, men seier sjølv at dette ikkje gir henne så mykje. Digital kunst har ho også prøvd seg på.
Jeg går inn med hud og hår og vet aldri hva som kommer meg i møte.
- Michaela Karnaus