Jytte Kristin Eikenes

Hovudutstillar 2017

Jytte Kristin Eikenes, fødd 1968, oppvaksen og busett i Høyanger, med røtene sine frå Holmedal og København. Ho har alltid teikna og uttrykt seg kreativt, starta for alvor å male i 2004, og har atelier i heimane i Høyanger, Holmedal og Paris.

 

Ho har gått fleire kurs hos ulike kunstnarar, og har ei rikhaldig samling av lærebøker i kunstfaget.

 

Jytte uttrykker seg ved hjelp av ulike teknikkar, og likar å eksperimentere med å blande dei ulike teknikkane. Ho malar helst levande vesen, både menneske og dyr, og ønkjer å formidle ei stemning i bileta sine. Uttrykket er gjerne fargerikt, kraftfullt og spirituelt.