Rivedal galleri
Hyllset | Dalsfjordvegen 2527 | 6982 Holmedal +47 9950 0883

Hege Ullensvang

HOVUDUTSTILLAR 2020

Hege Ullensvang

 

Litt om meg / kunstnarisk visjon

Sjølv om eg alltid, meir eller mindre, har likt å drive med kunst og handverk, og tidleg hadde tankar om å studere på "kunsthandverkskulen", kom eg aldri i gang med noko kunstutdanning. Kan hende fordi (velmeinande) studievegleiarar overtydde meg om at kunstutdanning berre var for dei med heilt spesielle evner, og at det var viktig å få seg ei «ordentleg» utdanning. Eg trudde heilt fram til faglærarutdanninga i forming (som eg tok 1993-96) at kunstnar kom eg aldri til å bli – kanskje undervise, aldri utøve. Men gjennom spesialisering i teikning/bilete kjente eg på gleda av å skape bilete, både maleri og grafikk, og ønsket om å skape meir vart sterkare. Men sidan det var lærer eg utdanna meg til og ikkje kunstnar, bremsa det mykje for vidare utvikling i kunstnarisk retning, også fordi eg framleis trudde at eg «ikkje var eller kunne bli kunstnar». Uansett dreiv eg på med bilete i åra som følgde – sjølv om gleda nok ikkje var så stor som eg skulle ønske ...

Og no ...

I dag har eg mitt eige vesle atelier kor eg jobbar med kunsten på heiltid. Det gjekk heller dårlig med læraren – den «trygge yrkesvegen» var ikkje så lett likevel, og eg søkte i mange ulike retningar etter "min veg", blant anna gjennom fire lengre opphald i India. Og sjølv om eg aldri fekk tatt den kunstutdanninga valde eg til sist kunsten. Det å kalle meg «kunstnar» har vore litt vanskelig, men eg har etterkvart erkjent at eg faktisk er det og!

Min visjon,

både kunstnarisk og i alle aspekt av livet, er å ha det godt i augeblinka. Være glad. Ha
fokuset retta mot det som kjennes lettare, og la det andre ligge. Ikkje alltid like lett, men når eg jobbar med bileta kjem det fokuset nesten automatisk. Eg elskar å skape bilete – sjå at dei veks fram, og eg håpar at den gleda eg har når eg jobbar kjem til syne i det eg skaper. Mykje av inspirasjonen finn eg i naturen, men eg er og fascinert av det industrielle, det mekaniske og harde. Eg tek ein del foto som eg brukar i skisseprosessen og ofte dukkar det opp bilete «på netthinna» som gjerne vil fram på lerretet. 

Eg har alltid vore oppteken av fargar, korleis dei verkar saman og kvar for seg og ikkje minst korleis dei påverkar alt rundt seg, også oss menneske. Eit anna viktig verkemiddel er kontrast og eg søker alltid etter spenninga mellom ulike kontrastar, til dømes orden og kaos. Det er fascinerande å betrakte det kaotiske og utilnærmelege, og kjenne på ønsket om å gjere det meir tilgjengeleg. Samstundes er det alltid freistande å løyse opp det kjende og «oppattrette» kaos. Eg er nok ein smule filosofisk anlagt ... Eg
fascinerast av min eigen væren, mi eiga bevisstheit, at eg, som alt anna som eksisterer, er i kontinuerleg endring og bevegelse. Dette er noko eg ser kjem fram i bileta mine, som ein understraum, og titlane, som blir formulerte etter at eg og bileta har hatt ein «samtale», er ei slags stadfesting på det.

Det ligg gjerne ei grafisk interesse bak det heile – linjer, flater og rom. Eg elskar abstrahering – gjere konkret om til abstrakt og non-figurativt, men stundom er det og godt å jobbe med det meir «gjenkjennelege». Sjølv om eg har jobba ein del med grafikk (lino/tre/silke) er det maleri og papircollage eg har drive mest med dei siste åra, og her ligg det ei uendelegheit av nye skapingar som berre ventar på å få komme til liv. Kan hende, om eg får alt utstyr på plass, tar eg opp att silketrykk, ein spanande
teknikk eg likar godt.

Eg ønsker vel å framkalle opplevingar gjennom bileta eg skapar – vekke ei interesse hos betraktaren, at det appellerer og inspirerer. Det finns gjerne ei historie i bileta, men eg har ikkje noko bestemt bodskap å komme med og har heller ingen ønske om å lede betraktaren noko bestemt stad. Det overlèt eg til bileta (og kan hende titlane) – og betraktaren sjølv. Så tanken no er å fortsette å ha det godt i augeblinka mine – etter beste evne vere tilfreds og glad, utvikle lettheita og det leikne i arbeida mine og skape god kunst. Og, sjølvsagt, få presentere skaparverka mine for «allmugen» 

- Hege Ullensvang