Rivedal galleri
Hyllset | Dalsfjordvegen 2527 | 6982 Holmedal +47 9950 0883

Trud Wilmann Nybø

Trud Wilmann Nybø er busett i Florø, og er utdanna lærar. Ho har malt i rundt 20 år, og har delteke på fleire kurs med biletkunstnar Bjarne Svanøe. Elles har ho brukt bøker, internett og kunstutstillingar for å lære seg malekunsten.

Trud Wilmann Nybø

 

Trud brukar alltid reelle stader og motiv som utgangspunkt for bileta ho lagar. Ho er oppteken av å få uttrykt ei stemning ved hjelp av lys og fargetonar, og oppheld seg på fritida mykje ute i naturen, der ho søker etter motiv som kan eigne seg for vidare arbeid. Trud har alltid interessert seg for biologi, og har det også som fagfelt. Dette gjenspeglar seg i bileta hennar, som ho hovudsakleg malar med akryl. Elles brukar ho også i blant tørrpastell for å få litt forandring. Ho likar å arbeide fort og røft, og brukar difor mykje palettkniv i arbeida sine. 

Nybø har tidlegare hatt utstillingar her: Leikanger på Stad, Kinn, Florø, Hyen, Skjerjehamn, Kalvåg, Førde og Bergen. Ho har også hatt trykk og kort til sals hos Rikken og Galleri Sør i Førde, hos Garn og brukskunst i Florø og på Alexandra hotell i Loen.