Reidun Vinda

Reidun Vinda er fødd 1964, i Øvre Årdal, der ho no også har vore busett i 20 år til 2016, etter å ha tatt kunstutdanning ved Kunsthøgskolen i Bergen mellom 1992 og 1997. I Årdal var ho kunstlærar i kulturskulen og miljøkoordinator på Årdal vidaregåande skule, samstundes som ho fant tid til å arbeide kreativt og skape biletkunst. Flyttet til Berlin hausten 2016.

 

Reidun har bakgrunn som tekstilkunstar, og har arbeidd mest med foto og grafiske uttrykk. I utstillinga i Rivedal galleri viser vi også tre portrett; ein sjanger som ho hadde lyst til å å utforske, men som er ny for henne. Ho har arbeidd med portrett i foto og grafiske teknikkar tidlegare, men dette er første gongen ho har malt portrett.Ho seier sjølv at ho framleis har mykje å lære, men likar å utfordre seg, og prøve ut nye uttrykk og motiv.