Per Grøtting

Hovudutstillar 2017

Per Grøtting, fødd 1950, er busett i Florø og har utdanninga si frå høgskulane i Stavanger, Stord og Notodden. Han har også hatt eit studieopphald ved Århus kunstakademi (1981).

 

Per Grøtting var medlem i kunstgruppa PUFU, Notodden i 1976/77, og har undervist i kunstfag i perioden 1977 – 2015.

 

Han har deltatt på ei rekkje utstillingar sidan 1976,  og er innkjøpt av Vaksdal kommune, Sunnfjord Medisinske senter og Flora kommune.

 

Grøtting arbeider både figurativt og abstrakt, og eksperimenterer gjerne med materialer og teknikkar. Han brukar hovudsakleg akrylbasert maling, ofte saman med bladgull.