Rivedal galleri
Hyllset | Dalsfjordvegen 2527 | 6982 Holmedal +47 9950 0883

Marianne Kathrine Sunde

Marianne Kathrine Sunde

 

Marianne Kathrine Sunde er fødd 1985 på Kyrkjebø, og busett i Dale i Sunnfjord. Ho har vore student ved Vea – Statens fagskole for gartnarar og blomsterdekoratørar, der ho tok to fagskuleutdanningar samstundes: Eksperimentell formgjeving med plantemateriale og Leiing i handverksfag.

Læretida si hadde ho på blpmstertorget i Dale, og i 2014 representerte ho Sogn og Fjordane i Norgesmeisterskapen i blomsterdekorering. I dag arbeider Marianne hos Lailas blomster i Askvoll.

Ho har også sitt eige firma; Natur i design. Firmaet tilbyr ulike tenester der naturmateriale er i fokus, det er i hovudsak romdekor ute og inne, interiør og skulpturar/intsallasjonar.