Rivedal galleri
Hyllset | Dalsfjordvegen 2527 | 6982 Holmedal +47 9950 0883

Irén Kleiven

Irén Kleiven

 

Irén Kleiven er fødd 1960, oppvaksen i Dale i Sunnfjord og busett på Garnes, Bergen. For tida er ho student i England, på Tobias School of Art and Therapy  (2014 – 2016).

ANNA KUNSTUTDANNING:
Konstnärliga linjen, Järna, Sverige (1982 –1984) og Kunstskolen i Bergen (1996 – 1998). Irén Kleiven har i tillegg utdanning i spesialpedagogikk og Nordisk Vägledarutbildning.

Sidan 1998 har ho delteke jamnleg på ei mengde utstillingar og marknader. I tillegg til å arbeide som biletkunstnar, der ho nyttar ulike teknikkar, driv ho med design og produksjon ulike produkt, og i Rivedal galleri vil du kunne kjøpe digitaltrykk, kunstkort i fleire storleikar/motiv og «kortreiste koppar» i vitroporselen.