Reidun Vinda
Hovudustillar sommarutstilling 2016 og 2018. Reidun Vinda er fødd 1964, i Øvre Årdal, der ho no også har vore busett i snart 20 år, etter å ha tatt kunstutdanning ved Kunsthøgskolen i Bergen mellom 1992 og 1997. Les meir
Per Grøtting
Hovudustillar sommarutstilling 2017. Per Grøtting, fødd 1950, er busett i Florø og har utdanninga si frå høgskulane i Stavanger, Stord og Notodden. Han har også hatt eit studieopphald ved Århus kunstakademi. Les meir
Jytte Kristin Eikenes
Hovudustillar sommarutstilling 2017. Jytte Karin Eikenes, fødd 1968, oppvaksen og busett i Høyanger, med røtene sine frå Holmedal og København. Ho har alltid teikna og uttrykt seg kreativt, starta for alvor å male i 2004, og har atelier i heimane i Høyanger, Holmedal og Paris. Les meir
Bente-Linn Bergene Huseby
Hovudustillar sommarutstilling 2015. Bente-Linn Bergene Huseby er fødd i 1956, i Sandefjord. Ho er busett på Nøtterøy, og har atelier både heime og på Olsgård Atelierfellesskap. Medlem NFUK (Norsk Forening for Uavhengige Kunstnerer). Les meir
Bente K. Syr
Hovudutstillar sommarutstilling 2014. Bente starta å male for alvor i 2004 og er utdanna biletkunstnar fra Nydalen kunstskole. Har delteke på fleire juryerte utstillingar og har hatt ei rekkje separatutstillingar. Les meir
Ludvig Eikaas
Ludvig Eikaas var ein norsk kunstmålar, grafikar og kunstprofessor. Han vert rekna som ein svært sentral kunstnar i siste halvdelen av 1900-talet. Sjå og kjøp grafikk av Ludvig Eikaas
Bjørn Kaaks
Bjørn Kaaks er først og fremst biletkunstnar. Han skildrar dyr, natur og menneske, mest i tresnitt. Kaaks har mellom anna gått på Statens Kunstakademi og vore elev hos Gunnar Haukebø (1976-79) og Ludvig Eikaas frå 1993. Han har hatt ei rekke utstillingar, mellom anna Statens høstutstilling i 1995. Sjå og kjøp Bjørn Kaaks sine tresnitt
Randi Antonsen
er fødd i Harstad, men er busett på Inderøy i Nord-Trøndelag og arbeider med mixed-media. Ho teiknar og malar i både akvarell og akryl, arbeider med tresnitt og andre grafiske teknikkar.Sjå Randi si heimeside
Ellen-Beate Svindland
Smykkene til Ellen-Beate er hovudsakleg eigen design med inspirasjon frå naturen, eller har røtene sine i norsk kultur og drakthistorie. Ho arbeider for det meste i sølv, men tar også i bruk andre metall, gjerne med innslag av element som skinn, stein, bein, glas og perler.Kari (Kajsa) Astrup-Geelmuyden
Kari Astrup-Geelmuyden er oldebarn av Nikolai Astrup og er busett i Jølster der ho har verkstad og utsal. Hennar brukskunst i keramikk og glas er flotte gåver, og kan sjølvsagt også nyttast til kvardags. Besøk Kajsas nettsider
Tore Are Bjellmo
Tor-Are Bjellmo er ein kunstnar frå Storsteinnes i Troms. Han malar bilete og lagar brukskunst som lysestakar og speglar.
Gunnar Eriksson
Gunnar Eriksson har arbeidd heile livet med bilete, og har sidan tidleg på 1980 – talet delteke på kring 40 utstillingar i galleri i Sverige, Noreg,Tsjekkia og Kina. Gunnar Eriksson interesserer seg for menneske, både mentalt og kroppsleg, og i bileta vier han han stor merksemd til korleis både tanke og kropp bevegar seg. Les og sjå meir om kunstaren her.