Rivedal Galleri

Sommarutstillinga 2024 opnar laurdag
29. juni kl 13.00

Velkommen

Sirikit Gout Bomstad

Hovudutstillar 2024

Sirikit Gout Bomstad er norsk/nederlandsk, 63 år og bur i Balsfjord, Troms. 

Sterke fargar, abstrakte motiv, ofte med litt ironi og humor er det mykje av i bileta hennar. Etterkvart som ho har øvd på ulike teknikkar, har ho blanda desse og synest ho kan utrykke eg best gjennom mixed media. 

Jeg har aldri tidligere hatt det som et mål å vise dette til et publikum, men tar sjansen på det nå.

- Sirikit Gout Bomstad
Les meir...
Sirikit Gout Bomstad

Kate Oddlin Hoås

Hovudutstillar 2024

Kate Hoås er 38 år og kjem frå Jølster. Heile livet har ho vore veldig interessert i kunst, og ho var ein ivrig teiknar som barn og i tidleg ungdomstid. Kate fekk alltid høyre at det var noko ho hadde anlegg for, men det vart mindre teikning og måling som større ungdom og i tidleg vaksen alder. 

Etter travle studieår og mange år i arbeidslivet tok Kate opp att interessa for teikning. Kate fann ut at det å teikne, lage trykk og måle hjelpte henne  å finne ro, og gav henne ei glede ho hadde gløymt i dei travle åra frå ungdomstida og utover. 

Når eg teikna eller måla, fekk eg puste skikkeleg igjen. 

- Kate Oddlin Hoås
Les meir
Kate Oddlin Hoås

Michaela Karnaus

Hovudutstillar 2024

Michaela Karnaus vaks opp på St.Hanshaugen i Oslo. Ho har alltid vore kreativ, og følgt denne vegen så langt mogeleg. Ho fann tidleg glede i å dekorere, og byrja å arbeide i blomsterbutikk som 12 – åring. Elles har ho mellom anna studert til interiørkonsulent, og vore sjølvstendig næringsdrivande. 

Jeg går inn med hud og hår og vet aldri hva som kommer meg i møte.

- Michaela Karnaus
Les meir
Michaela Karnaus

Utstillarar

Oddveig Lyngstad (trerelieff) - Iren Kleiven (grafikk/kort/krus) - Randi Antonsen (grafikk) - Kari Astrup Geelmuyden (keramikk) - Margrethe Barstad Goldberg (keramikk) - Sissel Hestad Vie (vev) - Kristin Schei (vev) - Leif Gunnarskog (trearbeid) - Synnøve Dyvik Løksli (keramikk)

Vi har elles kunst for sal av: 
Ludvig Eikaas - Bjørn Kaaks - Mia Egge - Elsa Eikaas - May Elin Eikaas Bjerck - Thoralf Flatjord - Malvin Berqvam - Johannes Winjum - Magne Vangsnes - Audun Helle - Astrid Myklebust - Bjørn Hegranes m.fl.

Les meir
Utstillarar

Om Rivedal galleri

Rivedal galleri er eit galleri i Rivedal i Askvoll kommune, Vestland fylke.  Galleriet er eigd og drive av Oddveig Lyngstad, som lagar relieff, smykke, englar og dørskilt i tre.  Galleriet har også utstilling av gjestande kunstnarar/kunsthandverkarar.

Les meir
Om Rivedal galleri

Sommar 2024

Laurdag og søndag
kl. 13 - 16
29. juni - 11. august

 

Avtale besøk

Det er alltid råd å gjere avtale om besøk i galleriet utanom faste opningstider.  
For avtale: ring 995 00 883.

Dersom vi er heime opnar vi galleriet for deg, så ta gjerne turen innom tunet for å sjå, dersom du er i området.

Betaling

Vi tar imot bank- og kredittkort, samt Vipps og kontanter i galleriet.